Løa

I løa er det plass til 42 middagsgjestar. Lokalet har også ei sofakrå til mingling, ei scene og lerret for presentasjonar/underhaldning, samt ein bar for enkel servering av drikke.

Det er plass til inntil 42 middagsgjestar i løa. På biletet ser ein også baren og sofakråa.

Scene

Løa er utstyrt med ei scene, lerret og prosjektor, som er eigna for både foredrag og underhaldning. 

Rommet er tilrettelagt slik at det er plass til foredrag/underhaldning frå scena. Den er plassert slik at den skal være syneleg for alle middagsgjestane i løa.

Sofakrå

I eit av hjørna i løa er det møblert med sofaer og godstolar. Her kan selskapet sette seg etter middag, noko som bidreg til meir mingling blant gjestane. Her står også ein vedomn som bidreg i å halde varmen i det store lokalet.

Sofakråa er innreidd med komfortable stolar og sofaer, med ein vedomn som effektivt held varmen i lokalet.