Velkomen til eit koseleg og minnerikt opphald

Velkomen til Lidvang Gard i Barstadvik. Garden, bygd for over 80 år siden, har ei historie med pelsoppdrett og tradisjonelt dyrehald. Gjennom dei siste 20 åra har garden blitt renovert og tilrettelagt som utleigebolig.

Huset er oppgradert i opprinneleg stil med tømmer i dei fleste rom. I 1.etg har alle rom golvvarme som gjev eit behagelig og koselig inneklima. Huset har også fleire peisovnar for optimal varme og kos på mørke kveldar. Garden har flott utsikt både ut mot Sulafjorden og opp mot fjelltoppane i Molladalen.

Flyfoto frå cirka 1960.
Flyfoto frå cirka 1960.

Aktiviteter

Veldig barnevennleg stad med mange aktivitetsmoglegheiter. Normalt er det dyr på beite i nærleiken i sommarhalvåret(sauer/lam/hest). Det er mogeleg å låne fiskeutstyr og syklar på garden.

Ein kan også benytte seg av gratis Wifi dersom ein ynskjer underhaldning på skjermen eller må arbeide på PC-en nokre timar.

Sjå her for tips til andre stadar ein kan besøke, som berre ligg ein kort tur unna Barstadvik.

Parkering

Her er rikelege med parkeringsplass til alle besøkande og overnattande.

Dersom ein ynskjer å benytte låven for eit arrangement kan ein også tilretteleggje for parkering av buss.

Overnatting

Totalt har huset tretten overnattingsplassar for vaksne. Desse er fordelt på fire rom med dobbeltseng, eit rom med enkeltseng, og eit familierom med dobbeltseng og to enkeltsenger. Enkelte av romma har også barneseng. Huset ligg skjerma til utan innsyn. Dersom ein ynskjer å overnatte kan ein enten ta kontakt direkte, eller reservere gjennom AirBNB.

Fasilitetar

Huset har to bad. Badet i første etasje har toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel - utstyrt med håndsåpe, dusjsåpe og vaskemiddel. Hems-badet har toalett og badekar (med dusj). I huset finn ein også strykejern, ekstra sengetøy, håndkle, og stellebord.

Huset har eitt kjøken som er utstyrt med oppvaskmaskin, komfyr, kombiskap kjøl/frys, kaffetraktar og mikrobølgeovn. Kjøkenet er godt eigna for opptil to kokkar samtidig, og spisebordet har plass til seks personar om gangen.

Dersom ein ynskjer å ta måltidet ute, så har garden ein grill som kan disponerast.

Sjå innsida av huset

Sjå fleire bileter av huset nedanfor, eller trykk her