Fjøs
I fjøs-delen av låven er det plass til 58 middagsgjestar fordelt på tre rom. Kufjøsen er eit reint middagslokale, medan saude- og sommarfjøsen har plass til mingling.
Kufjøsen
Kufjøsen har plass til 40 middagsgjestar, og ligger nært kjøkenet for enkel servering.
Rommet er tilrettelagt slik at det er plass til underholdning og det er installert lydanlegg i lokalet. I naboromma er det plass til ytterlegere 10-20 middagsgjester dersom ein er eit stort selskap.
Saudefjøsen
Det som ein gong husa sau er bygd om til ein eigna stad for mingling etter eit godt måltid. Her finst det fleire sitteplassar i sofa og rundt bord.
Rommet har om lag 20 sitteplassar, utgang til uteområdet, og tilgang til den gamle siloen, som er bygd om til eit rom eigna til å ta seg eit kortspel.
Sommarfjøsen
Sommarfjøsen er et påbygg på den opprinnelige låven. Med plass til cirka 15 personar kan eit stort selskap lett spre seg i lokalet etter middag. Her er også utgang til eit eige uteområde på oppsida av låven, med sitteplassar til åtte personar.