
Festlokale, høyløa på Lidvang
Festlokalet i Løa - nær både Ørsta, Volda og Ålesund
I løa er det plass til inntil 60 middagsgjestar. Der er ei lita garderobe og anretningsbord ved inngangen. Lokalet har også ei sofakrå/peiskrok til mingling, ei scene og lerret for presentasjonar/underhaldning, samt ein bar for enkel servering av drikke. Er en heldig med været er det direkte utgang til eit sørvendt fint uteområde med stoler og bord der en kan nyte sola, og gjerne leite fram grillutstyret en kan nytte kostnadsfritt.

Viser baren
Det er plass til inntil 60 middagsgjestar i løa. På biletet ser ein også baren og sofakråa.
Scene
Løa er utstyrt med scene, lerret og prosjektor, som er eigna for både foredrag og underhaldning.

Viser Scena og Prosjektor med stort lærret
Rommet er tilrettelagt slik at det er plass til foredrag/underhaldning frå scena. Den er plassert slik at den skal være syneleg for alle middagsgjestane i løa. Når det lider litt utover kvelden kan en rydde til dans.
Sofakrå
I eit av hjørna i løa er det møblert med sofaer og godstolar. Her kan selskapet sette seg etter middag, noko som bidreg til meir mingling blant gjestane. Her står også ein vedomn som bidreg i å halde varmen i det store lokalet, saman med varmepumpa som gjev både varme og kjøling når det trengs.

Peiskroken
Sofakråa er innreidd med komfortable stolar og sofaer, og med ein vedomn som effektivt held varmen i lokalet, saman med høg kosefaktor, ikkje mykje som slår levande eld i peisen.